Onkel Boonmee som kan erindre sine tidligere liv
Weerasethakul oppdaga i byrjinga av 2000-talet på den nordthailandske landsbygda ei bok av Phra Sripariyattiweti om Boonmee Srigulwong, og den handla nettopp om dette som filmtittelen slår fast, at han kjente sine tidlegare inkarnasjonar. Denne forteljinga dukkar opp i fleire av hans filmar, men når sin kulminasjon i denne. Onkel Boonmee har ei sviktande nyre og han har reist frå sjukehuset til heimstaden sin for å ha sine siste dagar der. Under opphaldet erindrar han nokre av sine tidlegare liv, om so desse er inkarnasjonar eller tidlegare manifestasjonar av han sjølv i dette livet. Felles for desse inkarnasjonane, om dei so var ein vannbøffel, ein amorøs fisk eller ein tamarindbonde, var at dei heldt seg i same nordthailandske landskap og med sin kjennskap til området derfor er ein slags essens av denne si folkesjel (men ikkje begrensa til folk). Om dette lyder noko uhandgripbart for ein film som vi tradisjonelt kjenner den, so kan nok det stemme, men at Tim Burton og Quentin Tarantino er fans seier litt om kva kraft den likevel har. Dette er ein film som leikande innvier sjåaren i sitt særeigne univers, heilt på sine eigne premissar. Den tar seg tid til å la alt komme frem på det mest naturlege vis, og for nokre kan denne mangelen på tradisjonelt narrativ vere ei røyning, men dei som lar seg flyte med på dens audiovisuelle magi får ei filmoppleving som sitt lenge i. Igjen er denne filmen heilt suveren på eit mytologisk og spirituelt plan for den som vågar å prøve seg. Som løning får ein eit vindauge inn til eit svinnande Thailand med sine kraftfulle myter, magi og primitivisme. gil
Denne filmen har aldersgrense 15 år.
Originaltittel Loong Boonmee raleuk chat
År 2010
Regissør Apichatpong WEERASETHAKUL
Manusforfatter Apichatpong WEERASETHAKUL
Fotograf Sayombhu MUKDEEPROM
Produsent Simon FIELD, Hans W. GEISSENDÖRFER, Keith GRIFFITHS, Luis MIÑARRO, Michael WEBER, Apichatpong WEERASETHAKUL
Med Thanapat SAISAYMAR, Jenjira PONGPAS, Sakda KAEWBUADEE
Produksjonsselskap Kick the Machine, Illuminations Films
Spilletid 1t 54m
Format DCP
Lenker IMDb