Syndromes and a Century
Syndromes and a Century er forteljinga om korleis Weerasethakuls foreldre møttes, sånn som det framgjekk i hans fantasi då dei fortalte det til han, tolka i filmformat, to gongar! Eksperimentelt, men òg spirituelt. I embets medfør førast foreldra til kvarandre som lege og sjukepleiar. Likevel er det ikkje ein dampande romanse vi ser her, det vi får er hendingar som sett frå eit tenkt perspektiv (kanskje av det Weerasethakul sjølv hadde då han lærte om historia som barn). Å sjå denne filmen kan minne om å lese eit visst stykke av Beckett, for her er det ikkje mykje handling å snakke om. Vi bivånar nokre konversasjonar som er so daglegdagse, men tøysete at dei verkar irrelevante for narrativet, og situasjonane i seg sjølve heng laust saman: vi følger eit jobbintervju for ein militærdoktor, ein buddhistmunk som innerst inne vil bli DJ og vi ser ein romanse mellom intervjuaren og ein orkideseljar. Likevel er filmen proppfull av meining. Filmen speglar seg i to delar. Der del ein er på den thailandske litt gamaldagse landsbygda, er del to situert i det moderne urbane. Perspektivet vårt forandrar seg, men historia er i store trekk den same. Paret i filmen er spesielt viktig for Weerasethakul, det er hans eigne foreldre, og situasjonen er fyrste gong dei møttes. Slik er det ein film om fortid i notid som ein kan sjå det i eit grenseland mellom poesi og filosofi. Om ein ikkje heilt klarer å rasjonalisere Weerasethakuls mange dimensjonar og om ein ikkje tek hans obskure referansar, kan ein likevel la seg bevege og fortrylle av den heilt spesielle atmosfæren han klarer å mane fram. Det er òg fornøyeleg å fundere seg gjennom filmane hans utan at ein nødvendigvis kjem til ein enkel konklusjon til slutt. gil
Originaltittel Sang sattawat
År 2006
Regissør Apichatpong WEERASETHAKUL
Manusforfatter Apichatpong WEERASETHAKUL
Fotograf Sayombhu MUKDEEPROM
Produsent Charles de MEAUX, Apichatpong WEERASETHAKUL
Med Nantarat SAWADDIKUL, Jaruchai IAMARAM, Sophon PUKANOK
Produksjonsselskap Anna Sanders Films, Centre National de la Cinématographie, Fonds Sud Cinéma, French Ministry of Foriegn Affairs, Illuminations Films, Kick the Machine, Ministère de la Culture et de la Communication, New Crowned Hope, TIFA
Spilletid 1t 45m
Format 35mm
Lenker IMDb